To menn dømde i omfattande narkotikasak i Ålesund
(NPK-NTB): To menn er dømde til fleire års fengsel for kjøp og sal av over 11 kilo narkotika i byparken i Ålesund.
Dei to, ein mann frå Litauen og ein mann frå Ålesund, kjøpte og selde 4,75 kilo amfetamin, 6,5 kilo hasj og til saman 12.500 tablettar med Ecstasy, Rivotril og Rohypnol mellom 10. september 2013 og 10. februar året etter. Ifølgje dommen blei det også overlevert over éin million kroner, skriv Sunnmørsposten.
Mannen frå Litauen er dømt til fengsel i fem år og ni månader og inndraging av 480.000 kroner som politiet fann i leilegheita hans under ransaking. Halvparten var pakka inn i plast og gøymt bak kjøleskapet.
Mannen frå Ålesund er dømt til fengsel i fire år og ni månader for narkotikalovbrot, valdstilfelle og fridomsrøving. Han fekk strafferabatt fordi forklaringa hans var avgjerande for at saka blei løyst.
Retten meiner litauaren ikkje forklarte seg truverdig om kvifor han hadde 480.000 kroner heime. 300.000 av dei skal han ha hatt fordi han hadde «lært nøysemd av sunnmøringane», ifølgje forsvararen hans, advokat Paal Berg Helland.
– Klienten min har anka dommen. Vi meiner at dommen er feil, og det vil vi prøve i lagmannsretten, seier Berg Helland.
Også nordmannen ankar dommen, opplyser forsvararen hans, advokat Harald Johannessen. Mannen meiner kvantumet er for stort, og at straffeutmålinga ikkje er rett. Under rettssaka nedjusterte han kvantumet i forhold til det han hadde erkjent i politiavhøyr. (©NPK)