Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): I Helse Bergens rapport om uønskte hendingar, kjem det fram at det var to unaturlege dødsfall på sjukehuset dei siste månadene.
npk@npk.no
Publisert: 04.08.2016 kl 08:11
Begge pasientane var kjende for tidlegare rusmiddelbruk, og i begge tilfelle har sjukehuset nemnt mogleg sjølvpåført overdose som dødsårsak, i rapporten som er sitert av Bergensavisen. I begge tilfelle vart politiet kontakta, og dødsfalla blir etterforska.
Kvalitetssjef Stig Harthug i Helse Bergen fortel at dei ikkje har fått dei endelege testresultata, men at dei generelt møter utfordringar med pasientar som er kjende rusmiddelbrukarar.
– Det vil ikkje vere mogleg for helsepersonell heile tida å ha oversikt over kva personar med rusproblem har teke, sjølv om vi har rutinar for observasjon. Dermed er nok denne gruppa meir utsett også når dei er på sjukehus, sjølv om dei får tilsyn og blir følgde opp, seier Harthug til BA.
Alle sjukehus er lovpålagt å melde frå til Kunnskapssenteret om alvorlege hendingar som har ført til eller kunne ha ført til betydeleg personskade. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.