Klargjør siden...

To norske gull i junior-EM i styrkeløft

Birgitte Kielsen (84 kg) og Silvia Kapstad (72 kg) sikra to nye norske gull i junior-EM i styrkeløft.

Birgitte Kielsen (84 kg) og Silvia Kapstad (72 kg) sikra to nye norske gull i junior-EM i styrkeløft.

Kapstad var heilt suveren i 72-kilosklassen sin. Ho var sterkast i knebøy, benkpress og markløft. I knebøy blei det 227,5 kg, og i benkpress blei det europarekord med 150,5 kg.

I markløft løfta ho 205 kg og enda totalt på 583 kg. Det er også europeisk juniorrekord. Ho hadde 217,5 kg på stanga i det siste forsøket sitt, men ho var sjanselaus på verdsrekorden.

Birgitte Kielsen var best i knebøy med 250 kg. Ho hadde visse problem med 152,5 kg i benkpress, men avslutta med 202,5 kg i markløft.

Det blei også tre norske sølv ved Stine Hamre (84 kg), Lena Sjøl (63 kg) og Kine Fossbakk (+84 kg)

Fossbakk leidde lenge for løftarane over 84 kg. Ho var best i knebøy og benkpress med 217,5 og 165 kg, men i markløft som er den svakaste øvinga hennar, blei det berre 172,5 kg. Ungarske Monika Lovas fekk opp 195 kg i markløft og var totalt 2,5 kg før den norske jenta.

Hamre tok andreplassen i 84-kilosklassen etter 222,5 i knebøy og 130 i benkpress. I markløft hadde ho 202,5 kg - det same som Kielsen, men ho vann øvinga på grunn av mindre kroppsvekt.

I 63-kilosklassen hadde Lena Sjøl 187 kg i knebøy, men måtte ha to forsøk på å klara 112,5 kg i benkpress. I markløft var ho i ein klasse for seg med 182,5 kg. Ho kravde å få 197,5 kg på stanga, men det blei for tungt. Hadde ho klart det, hadde ho også teke gullet samanlagt. Det gjekk til svenske Matilda Vilmar med totalt 497,5 kg (200-127,5-170). Sjølv hadde totalt 482,5 kg.

Ingvild Hansen i same klasse opna med 177,5 kg i knebøy, men hadde tre mislykka forsøk på 102,5 kg og fekk ingen totalsum, men avslutta med 172,5 kg som heldt til andreplassen i markløft.

(©NPK)

Annonse