Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Kristin Solberg (33) overtar som NRK-korrespondent i Midtausten, mens Philip Lote (43) skal dekke Brussel for statskanalen frå kommande haust.
npk@npk.no
Publisert: 15.03.2016 kl 10:08
– Vi er glade for tilsettinga av to dyktige nye korrespondentar i dag til Midtausten og Brussel: Kristin Solberg og Philip Lote. Vi har hatt svært gode søkjarar til begge desse stillingane i NRK, seier nyheitsdirektør Alexandra Beverfjord i ei pressemelding.
Solberg går frå stillinga som korrespondent i Istanbul til å overta ansvaret for kontoret i Kairo frå Sigurd Falkenberg Mikkelsen. Rikskringkastaren vurderer samtidig om kontoret skal flyttast frå den egyptiske hovudstaden til ein annan by i regionen.
Lote er journalist i utanriksavdelinga, og har tidlegare vore Asia-korrespondent frå 2003 til 2007. Han overtar etter Tore Tollersrud som har hatt Brussel-jobben i 2016.
Både Solberg og Lote tek til i stillingane hausten 2016. (©NPK)