Annonse

To omkom i togulykke i Tyskland

(NPK-NTB-Reuters-Ritzau): To personar omkom og fire vart alvorleg skadde i ei togulykke i Bayern sør i Tyskland seint torsdag kveld.

Ulykka skjedde på ein planovergang. Eit passasjertog køyrde inn i ein militær lastebil, som av ukjent årsak hadde stoppa på planovergangen. Kollisjonen førte til ein eksplosjon og det begynte å brenne både i toget og lastebilen etter ulykka. Bilete frå ulykkesstaden viser at førarhuset på toget er heilt samanpressa og øydelagt av brann.

Ifølgje politiet er dei omkomne togføraren og sjåføren av lastebilen. Politiet anslår at det var rundt 50 passasjerar om bord i regiontoget då ulykka skjedde, mens det var to personar i lastebilen.

– Toget kom køyrande i 100 kilometer i timen og køyrde rett inn i lastebilen utan å bremse, seier ein talsmann for politiet.

Ulykka skjedde ved byen Freihung, som ligg cirka 70 kilometer aust for Nürnberg sør i Tyskland. (©NPK)

Annonse