Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP-DPA): Minst to personar har mista livet og mange er skadde etter at tyfonen Nepartak nådde Taiwan med kraftig vind og nedbør fredag morgon.
npk@npk.no
Publisert: 08.07.2016 kl 07:36
Sist oppdatert: 08.07.2016 kl 08:53
Ein av dei døde vart tatt av vassmassar på ei strand, mens den andre omkomne var ein soldat som datt i vatnet mens han var ute og fiska.
Vindkasta var så sterke at bilar velta og glas vart knuste, viser TV-bilete. Minst 66 menneske er så langt skadde etter å ha blitt treft av tre eller knust glas, opplyser beredskapssenteret.
Over 390.000 familiar har mista straumen, mens over 5.000 er utan rennande vatn.
Det er sendt ut skredvarsel for over 700 fjellområde som følgje av høg vasstand i elvane, noko som kjem av rekordmykje nedbør den siste veka. Over 15.000 personar er evakuerte.
Styresmaktene har dessutan innstilt fleire hundre flygingar, stoppa mesteparten av togtrafikken og stengt kontor og skular på grunn av uvêret. Over 30.000 soldatar er i beredskap.
Tyfonen har dei siste dagane også herja på Filippinane, men ingen personar er meldt omkomme der.
Etter å ha passert Taiwan fredag, vil tyfonen bevege seg vidare mot den sørlege delen av Kina, opplyser Taiwans meteorologiske institutt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.