ANNONSE
Annonse

To personar sikta for organtjuveri frå eit barn i Storbritannia

Britisk politi har sikta to nigerianske statsborgarar for å ha planlagt å fjerne organ frå eit barn for å selje dei vidare.

Dei to er sikta for å ha arrangert eller lagt til rette for ei reise for ein person som skulle utnyttast, opplyser Metropolitan Police i London.

Dei skulle torsdag framstillast for ein domstol i Uxbridge vest for London.

Barnet er teke hand om, opplyser politiet. 

(©NPK)

ANNONSE
Annonse