Annonse

To skogbrannar samtidig i Oslo

(NPK-NTB-Peter Tálos): Eit brannhelikopter og iherdig innsats frå brannmannskap og Sivilforsvaret gav kontroll over to skogbrannar nord for Romsås i Oslo onsdag ettermiddag.

Det braut ut brann på to stader ved ei høgspentmast i eit skogsområde nord for Romsås i Oslo. Tørr skogbotn og vind førte til spreiing mot busetnad.

Politiet bad bebuarar på Romsås, Ammerud og Grorud beskjed om å halde vindauga lukka på grunn av mykje røyk og vind i området.

Elevane ved Bjøråsen skole på Romsås blei evakuert på grunn av røyken,

Brigadesjef Gorm Sjølie i Brann- og redningsetaten seier 20 brannfolk med hjelp av like mange frå Sivilforsvaret blei sendt inn i brannområdet med sju bilar og utstyr til å sløkkje.

– Det var to brannar, kvar på rundt 200 gonger 300 meter i storleik, og dei låg eit stykke inne i skogen. Det tok litt tid før vi fekk lagt slangar innover i skogen og kom i gang med sløkking, seier Sjølie til NTB.

Det er veldig tørt i området, og det var mark og lyng som begynte å brenne. (©NPK)

Annonse