Klargjør siden...

To tiltalt etter drap på norsk kvinne i Berlin

(NPK-NTB): To menn er no tiltalte etter drapet på norske Lene Sand i Berlin i fjor sommar. Ein chilensk mann er tiltalt for drapet, ein kamerat er tiltalt for å ha hjelpt til med å frakte den døde bort i ein koffert.

Dei to må møte i retten i haust, truleg i august eller september, skriv Aftenposten.

Lene Sand (36) frå Mandal var på besøk i Berlin då ho vart drepen i byrjinga av juni i fjor. Politiet meiner chilenaren (39) drap henne med kniv i eit kunstgalleri natta mellom 2. og 3. juni. Ein kamerat av 39-åringen skal også ha vore til stades. Ifølgje Aftenposten skal den døde kvinna ha lege i eit siderom i galleriet i mellom fem og ti dagar, medan publikum besøkte kunstutstillinga der. Dei to mennene skal i mellomtida ha malt veggene som var tilsølt av blod, for å skjule spor.

Chilenaren vart arrestert i Mexico i august i fjor og utlevert til Tyskland i mars i år. Kameraten hans er tiltalt for å ha hjelpt til etter drapet. Politiet meiner dei to mennene la liket i ein trillekoffert som vart frakta gjennom byen med T-banen. Så vart kofferten prøvd søkkte i elva Spree, der han vart funnen av forbipasserande etter nokre dagar.

Bistandsadvokaten til Lene Sands familie, Patrick Lundevall-Unger, seier til Aftenposten at drapet har vore ei enorm belastning for familien, men at fleire pårørande planlegg å vere til stades under rettssaka til hausten. (©NPK)

Annonse