Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Dalseidtunnelen og Trollkonetunnelen i Vaksdal kommune vart fredag morgon stengt etter eit steinras. Det har ført til kaos i pinsetrafikken.
Publisert: 26.05.2023 kl 09:50
Sist oppdatert: 26.05.2023 kl 16:38
Fredag ettermiddag står trafikken stille på fylkesveg 79 mellom Kvanndal og Granvin, skriv Bergens Tidende.
Vegen har vorte brukt som omkøyringsveg, etter at det gjekk eit steinras på E16 same morgon.
– Fullstendig kork, skriv ein tipsar til avisa.
Ved 16.20-tida har E16 vorte opna igjen, melder Vest politidistrikt på Twitter.
Dalseidtunnelen og Trollkonetunnelen i Vaksdal kommune vart stengd som følgje av steinraset.
– Det er snakk om ein større stein på bortimot ein meter i diameter og nokre mindre steinar, sa trafikkoperatør Jenny Nilsson i Vegtrafikksentralen til Bergensavisen.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.