Klargjør siden...

Toåring funnet i sjøen i Ulvik

(NPK-NTB): Ein toåring som blei funnen i sjøen i Ulvik i Hordaland, er uskadd, opplyser Haukeland universitetssjukehus.

Den to år gamle guten blei flogen til sjukehus med luftambulanse etter å ha blitt funnen i sjøen torsdag ettermiddag.

Guten blei først frakta til det lokale legekontoret etter at han blei funnen på Røvaneset torsdag formiddag. Seinare blei han flogen til Bergen.

Sjukehuset opplyste like før klokka 17.30 at det går bra med barnet og at det ikkje har nokon skader. (©NPK)

Annonse