Annonse

Toåring overlevde ikkje alligator-angrep i Orlando

(NPK-NTB): Toåringen som vart tatt av ein alligator på ei strand ved Disney World utanfor Orlando i Florida, er heilt sikkert død, trur politiet.

Faren til guten gjekk ut i vatnet og prøvde å redde sonen da alligatoren gjekk til angrep, men måtte gi tapt. No arbeider omkring femti personar med å prøve å finne leivningane av guten, opplyser sheriff Jerry Demings i Orange County.

Den tragiske episoden skjedde da familien – foreldra, guten og ei eldre søster – slappa av på stranda tysdag kveld, lokal tid. Det vart sett i gang ein leiteaksjon, men så langt utan resultat, skriv avisa Orlando Sentinel.

– Barnet leika i vasskanten da ein alligator kom opp frå vatnet og tok barnet. Faren, som var like ved, prøvde å ta barnet tilbake, men lykkast ikkje, seier presseansvarleg Jeff Williamson i Orange County til VG.

Politifolk, eit helikopter og lokale fiskeri- og miljøstyresmakter deltar i leitinga. Alligatoren var mellom éin og to meter lang.

Stranda der toåringen vart tatt, ligg ved eit luksushotell som Disney eig. Ikkje langt unna ligg byen Orlando, der 49 menneske vart drepne i skytemassakren på ein utestad for homofile natt til søndag.

– Eg kan ikkje tenkje meg kva foreldra til barnet går gjennom. Dette har vore ei tøff veke i Orlando, seier A.J. Jain, som bur på hotellet. (©NPK)

Annonse