Klargjør siden...

Tollarar fann bavianhovud i postpakke

(NPK-NTB): I ein postpakke som skulle til Rogaland, fann tollarar i Oslo ein hovudskalle frå ein bavian.

Pakken var på veg frå Sør-Afrika til Rogaland då han blei nyleg blei undersøkt av tollarane. Innhaldet var ein hovudskalle og ein kjeve frå ein bavian.

– Det er ikkje lov å importere dyr som står på lista over trua dyr- og planteartar utan eige eksportløyve frå avsendarlandet. Tolletaten har ikkje fått slik dokumentasjon og har derfor beslaglagt hovudet og sendt det til Miljødirektoratet, opplyser etaten. (©NPK)

Annonse