Tolv dyr felt i ulvejakta i år

(NPK-NTB): I lisensfellingsperioden frå 1. oktober til 31. mars er det felt seks ulvar på lisensfelling her i landet. I tillegg vart det felt 67 gauper og 52 jerv.

I tillegg er ytterlegare seks ulvar som er avgått på andre måtar, belasta lisensfellingskvoten. Det er to ulvar færre enn i same periode i fjor, opplyser Miljødirektoratet.

Under gaupejakta, der det var ein totalkvote på 82 dyr, vart det felt 67 gauper, melder Rovdata. Flest gauper vart felt i Sør- og Midt-Noreg, som også har det høgste talet på registrerte familiegrupper.

Jaktuttaket av gaupe er i år noko lågare enn 2015 og er delvis eit resultat av lågare kvotar i enkelte av regionane, men også at kvoten ikkje vart fylt i alle regionar. I Troms og Finnmark vart ingen gauper felt under ordinær jakt, mens to gauper vart felt under skadefelling

Etter ein sterk auke i talet på felte gauper frå 58 gauper i 2007 til 137 gauper i 2011, har fellingstala dei siste fem åra lege jamt på mellom 60 og 80 gauper. I same periode har bestandsstørrelsen variert mellom 69 og 53,5 familiegrupper.

I tillegg til gauper og ulv vart det felt 52 jerv i lisensfellingsperioden frå 10. september 2015 til 15. februar i år. Det er framleis behov for ekstraordinære uttak av jerv i enkelte delar av landet for å redusere skader på husdyr og tamrein, ifølge Rovdata. (©NPK)

Annonse