Tolv misser jobben i Det norske

(NPK-NTB): Tolv faste medarbeidarar misser jobben i oljeselskapet Det norske. Det er resultatet av nedbemanningsprosessen som starta i mars.

– Dei det gjeld, vil bli tilbydd sluttpakker. Vi håpar å løyse dette gjennom frivillige løysingar, seier kommunikasjonsdirektør Rolf Jarle Brøske i selskapet til Sysla.

Mellom 30 og 50 innleigde konsulentar skal også ut av selskapet før året er omme. I tillegg har 17 av 19 Noreco-medarbeidarar takka ja til sluttpakke i samband med at Det norske overtar eigardelane til selskapet i Noreg.

Det norske har i dag rundt 550 tilsette.

I juni kom nyheita om at Det norske og BP Norge fusjonerer og blir oljeselskapet Aker BP. Nedbemanningsprosessen som no blir avslutta, har ingenting med fusjonen å gjere. Ifølgje Brøske er det ingen konkrete planar om nye reduksjonar som følgje av samanslåinga. (©NPK)

Annonse