Klargjør siden...

Tom Egeland stengd ute frå Facebook igjen

(NPK-NTB): Forfattaren Tom Egeland er enda ein gong kasta ut av Facebook etter å ha delt eit Aftenposten-oppslag om biletsensur.

– Det var den beskjeden eg fekk da eg skulle logge meg inn, seier Egeland til TV 2.

I slutten av august vart han kasta ut i eit døgn etter å ha delt det ikoniske krigsbiletet av den ni år gamle Kim Phuc frå Vietnamkrigen.

Seinare har fleire andre delt biletet som ein reaksjon på Facebooks biletsensur og opplevd det same som Egeland.

Fredag brukte Aftenposten heile førstesida si til eit ope brev frå sjefredaktør Espen Egil Hansen til Facebook-sjef Mark Zuckerberg. Bakgrunnen var at Hansen har fått beskjed om å slette biletet som illustrerte ein artikkel Aftenposten delte på Facebook. (©NPK)

Annonse