Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AFP): Minst 200 politifolk har starta arbeidet med å avvikle den provisoriske flyktningleiren Idomeni ved den gresk-makedonske grensa.
npk@npk.no
Publisert: 24.05.2016 kl 07:48
Eit helikopter flaug tysdag over leiren, som har husa over 8.400 flyktningar og migrantar. Rundt 20 politibilar og mange sivilkledde politifolk var på staden då flyttinga starta.
Politifolka brukte ikkje makt, men oppfordra migrantar til å gå om bord i bussar som skulle ta dei vidare.
Migrantane i Idomeni har hatt ein kald og våt vinter under svært kummerlege forhold. Hjelpeorganisasjonar har slite med å gi dei tilstrekkeleg mat og helsehjelp.
Dei kommande dagane skal dei fleste av flyktningane etter planen overførast til meir ordna forhold i ein ny leir i gamle industrianlegg utanfor Thessaloniki, ifølgje styresmaktene. Tenestemenn har opplyst at rundt 6.000 plassar er tilgjengelege på forskjellige mottakssenter.
EU-kommisjonen støttar den greske planen og håpar at bruk av makt ikkje blir nødvendig.
– Kommisjonen har fleire gonger uttrykt at desse menneska bør flyttast frå mellombelse leirar til meir organiserte mottak, sa talsperson Margaritis Schinas måndag.
Mange av bebuarane i Idomeni-leiren er kvinner og barn som håpar å kome saman med mannlege slektningar som har klart å ta seg nordover i Europa. (©NPK)