Klargjør siden...

Tons of Rock røpar første stornamn til tiårsfesten i 2024 – og det er Judas Priest

Tons of Rock følgjer opp årets rekordår med over 100.000 publikummarar med å sleppe namna på dei første 2024-artistane.

I 2024 kan Tons of Rock feire tiårsjubileum, og det gjer dei med å kapre legendariske Judas Priest – som sjølv nyleg feira 50-år – som headliner. Den norske festivalen er først i Europa med å lansere bandet, som har selt 50 millionar album.

– Judas Priest har stått på ønskjelistene alltid, og er eit band vi har prøvd å booke i årevis. Dei er ikon og headlinerar for fleire generasjonar med rockefans. Å endeleg få dei på Tons i Oslo er vanvitig gøy, seier dagleg leiar og bookingansvarleg, Jarle Kvåle.

Med på dette aller første artistsleppet er dessutan Parkway Drive, kalla ein av dei nye festivalheadlinerane i Europa, Abbath som skal framføre eit sett med Immortal-låtar, Opeth som vil spele låtar valt av Tons of Rock-publikummet, og Satyricon, som har byrja å røre på seg med ny musikk og sine første konsertar på fem år planlagde til sommaren.

Også Oslo Ess, som skal gjere sin hittil største konsert på heimebane, og Motorpsycho, som i 2024 gjer Tons of Rock-debuten, vart offentleggjort tysdag i det Kvåle kallar «byrjinga på tidenes bursdagsfest».

Allereie har festivalen meldt at dei har klart ein ny festivalcamp, som skal supplere tilbodet på Ekeberg camping, vegg i vegg med festivalen: Til sommaren kan fansen også overnatte på Bjerke travbane.

Neste års festival går føre seg 26. til 29. juni.

(©NPK)

Rob Halford (t.h.) og Richie Faulkner i heavylegendariske Judas Priest held koken etter over 50 år i rockens teneste. Foto: AP

Annonse