Annonse

Torino hoppar av OL-søknad

Milano og Cortina d'Ampezzo har bestemt seg for å søkje om å få arrangere vinter-OL i 2026, sjølv om Torino tysdag bestemte seg for å hoppe av.

Dei tre byane har lenge samarbeidd om ein felles italiensk OL-søknad. Politiske motsetningar skal vere årsaka til brotet mellom dei tre byane.

I Torino, som arrangerte vinterleikane i 2006, har den såkalla Femstjernersrørsla makta. Partiet har før vore med på å stoppe OL-planane i Roma då byen vurderte å søkje om sommarleikane i 2024.

Regionleiinga i Lombardia og Veneto har derimot bestemt seg for å gå vidare med ein italiensk søknad, skriv Around the Rings.

- Søknaden må reddast, og det er derfor vi har bestemt oss for å gå vidare saman. Vi beklagar at Torino trekkjer seg, men det betyr at vi går for eit Lombardia/Veneto-OL, heiter det i ei felles fråsegn frå dei to regionane.

I den opphavlege OL-søknaden var planen å bruke dei eksisterande OL-anlegga i Torino.

(©NPK)

Torino hoppar av dei italienske OL-planane. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix