Annonse

Tørke kan føre til omfattande svolt i det sørlege Afrika

(NPK-NTB-Reuters): Rundt 14 millionar menneske er venta å stå utan nok mat i det sørlege Afrika som følgje av omfattande tørke på grunn av vêrfenomenet El Niño, ifølgje Verdas matprogram (WFP).

Malawi er det landet som er aller verst ramma. Rundt 1,8 millionar menneske, eller 16 prosent av befolkninga, er venta å bli ramma av matmangel.

Også på Madagaskar er situasjonen svært alvorleg. Der står 1,9 millionar menneske i fare for å svelte.

– Med lite eller ikkje noko regn i mange område, samtidig som moglegheita for å plante korn snart er over, og i enkelte land allereie er slutt, er utsiktene urovekkjande, skriv WFP i ei pressemelding måndag. (©NPK)