Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Richarlison (25) forlèt Everton for Premier League-kollega Tottenham. Den brasilianske spissen kan komme til å koste over 600 millionar kroner.
lars.eide@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 01.07.2022 kl 10:13
Richarlison og Everton har lagt bak seg ein forferdeleg sesong som enda med at dei til slutt greidde å halde seg i Premier League.
Kommande sesong skal han spele meisterliga med Tottenham. Klubben stadfestar overgangen på nettsidene sine fredag.
Richarlison har spelt for Everton dei fire siste sesongane etter overgangen frå Watford. Brasilianaren står med 173 kampar i den engelske toppdivisjonen og har skåra 48 mål.
Han skal etter rapportane koste Tottenham i overkant av 600 millionar kroner.
«Spurs» har rusta godt opp før meisterligasesongen. Frå før har dei henta Yves Bissouma frå Brighton, Ivan Perisic frå Inter og ei reservemålvakt i Fraser Forster frå Southampton.
(©NPK)
Richarlison er klar for Tottenham. Foto: Ahn Young-joon / AP / NTB