Klargjør siden...

Tour de France går som planlagt

(NPK-NTB): Tempoetappen i Tour de France går som normalt fredag, dagen etter at 84 personar vart drepne under terrorangrepet i Nice. Men tryggleiken rundt rittet blir trappa opp som følgje av hendinga.

Fredagsetappen skal gå som planlagt, og han skal tileignast offera etter terrorangrepet i Nice. Reklamekaravanen skal vere stille, melder departementet i Archete, ifølgje avisa Libération.

Rittleiinga har bestemt at etappen frå Bourg-Saint-Andéol til La Caverne Du Pont-d'Arc vil gå som normalt.

Arrangørane og fleire av syklistane har sendt støttemeldingar for offera på Twitter etter angrepet i Nice torsdag kveld.

– Mine tankar går til offera og dei pårørande etter dei grufulle terrorhandlingane i Nice, skriv samanlagtleiar Chris Froome på Twitter. (©NPK)

Annonse