Tour de Ski-start i Val Müstair

(NPK-NTB): Den 11. utgåva av Tour de Ski startar i sveitsiske Val Müstair 31. desember.

Det blir tredje gong at touren startar ved heimstaden til Dario Cologna. Cologna har ikkje vore på topp dei siste sesongane, men sveitsaren har framleis eit stort namn i internasjonalt langrenn.

Det blir to etappar i Val Müstair, deretter ventar det to etappar i Oberstdorf. Oberstdorf vart nyleg valt til VM-arrangør i 2021. Den 5. etappen går i Toblach, før det blir tradisjonell avslutning med to etappar i Val di Fiemme. Til saman blir det sju etappar i Tour de Ski kommande vinter.

Dette vart nyleg bestemt under FIS-kongressen i Cancún i Mexico. Der vart det ikkje vedtatt vesentlege endringar samanlikna med forslaget som låg føre på førehand.

Den klassiske sprinten i Drammen blir arrangert 8. mars. Helga etter er det renn i Holmenkollen.

Andre stadar med verdscuprenn: Davos, La Clusaz, Toblach, Ulricehamn og Falun. (©NPK)

Annonse