Klargjør siden...

Tour-debutant smadra rivalane opp Alpe d'Huez

Tom Pidcock (22) slo knockout på brotkonkurrentane opp berykta Alpe d'Huez. Briten trakka inn til ein populær etappesiger i sitt første Tour de France.

Triumfen torsdag var Ineos-ryttarens første i det største sykkelrittet i verda. Han vart den andre briten til å vinne på toppen av Alpe d'Huez. Geraint Thomas var først ut i 2018.

Den regjerande OL-meisteren i terrengsykling tok fatt på det berykta fjellet saman med Chris Froome, Neilson Powless, Louis Meintjes og Giulio Ciccone.

Med litt over ti kilometer til toppen sette Pidcock inn ein veldig støyt, og med det vinka han farvel til tre av brotrivalane. Meintjes klarte å stabilisere avstanden til briten i front, og sørafrikanaren tok opp jakta på Pidcock.

Ineos-ryttaren klarte likevel å halde solid avstand til Meintjes, og kunne til slutt feire ein etterlengta opptur for laget som har norske Gabriel Rasch som sportsdirektør.

(©NPK)

Chris Froome sat i brot, men ingen av ryttarane kunne gjere noko med Tom Pidcock (til høgre) opp knallharde Alpe d'Huez Foto: Daniel Cole/ AP/ NTB.

Annonse