Annonse

Travel sommar for Redningsselskapet

(NPK-NTB): I juni hadde redningsskøytene i Noreg 120 fleire oppdrag enn same månad i fjor, og sommaren så langt vore hektisk for selskapet.

Berre den siste helga har Redningsselskapet hatt 109 såkalla «search and rescue»-oppdrag. Eitt av dei større oppdraga i helga var om bord på charterbåten Johanna som sokk ved Nesoddtangen i Oslofjorden laurdag kveld. Ingen blei skadd og alle dei 156 om bord blei redda frå båten.

Andre større redningsaksjonar gjaldt redningsskøyta «Ægir» i Rosfjorden, der to havaristar blei hjelpt frå ein søkkande båt, og «Harald V», som henta ein nedkjølt mann på eit skjær i Nærøy.

– Juli har så langt vore ein travel periode for våre fartøy, og i helga har det vore ekstra hektisk, over heile landet. Spennvidda er stor, frå søk etter sakna til reine assistanseoppdrag. Heldigvis har dei mest alvorlege ulukkene førebels halde seg borte i juli, og vi håper den trenden held seg, uttalar Thomas Skarstad, maritim leiar i Redningsselskapet i ei pressemelding. (©NPK)

Annonse