Annonse

Tre arresterte i Polen mistenkt for angrep mot Navalnyj-medarbeidar

Polske styresmakter har arrestert tre personar som er mistenkte for å ha angripe ein medarbeidar av tidlegare opposisjonspolitikar Aleksej Navalnyj i Vilnius.

Dei tre som er arresterte, er ein belarusar som er mistenkt for å ha gitt ordren, og to polakkar som er mistenkte for å ha gjennomført angrepet i Litauen.

– Ein belarusar som jobba for russarane, og som gav ordre til to polakkar om å angripe den Navalnyj-allierte, er arrestert, skriv statsminister Donald Tusk på X/Twitter.

Angrepet på Leonid Volkov skjedde i Vilnius i mars. Han var i ein kort periode innlagd på sjukehus etter å ha vorte slått fleire gonger med ein hammar. Etterretningstenesta i Litauen sa den gong at russiske spesialtenester var innblanda i angrepet.

Det var Litauens president Gitanas Nausėda som fredag opplyste at to personar hadde vorte arresterte i Polen.

Angrepet skjedde nesten ein månad etter at Navalnyj døydde i eit fengsel langt nord i Sibir. Volkov meiner at president Vladimir Putin stod bak Navalnyjs dødsfall.

(©NPK)