Klargjør siden...

Tre drepne og mange såra av bilbombe i Tyrkia

(NPK-NTB-AP): Tre politimenn er drepne og mange er såra etter at ei bilbombe eksplodert ved ein politistasjon i Midyat i Tyrkia, opplyser tyrkiske sikkerheitskjelder.

Midyat ligg heilt sør i Mardin-provinsen, nær grensa til Syria, i den kurdiskdominerte søraustlege delen av Tyrkia.

Ingen har teke på seg ansvaret for bilbomba, men statsminister Binali Yildrim skuldar den kurdiske PKK-geriljaen for å stå bak. Han seier også at det var ein sjølvmordsaksjon.

Tysdag vart elleve menneske drepne, blant dei sju politifolk, då ei fjernstyrt bombe eksploderte idet ein buss med politifolk passerte i ein gate i Istanbul.

Det er heller ikkje kjent kven som står bak det angrepet, men både PKK og den ytterleggåande islamistgruppa IS har det siste året gjennomført fleire bombeangrep i Tyrkia. (©NPK)

Annonse