Annonse

Tre flyktningbarn drukna utanfor Tyrkia

(NPK-NTB-AFP): Elleve menneske, blant dei tre små barn, drukna då båten som dei var om bord i gjekk ned utanfor den tyrkiske kysten. Passasjerane var alle flyktningar som prøvde å ta seg til Hellas.

Sju blei redda då båten gjekk ned utanfor kyststaden Kusadasi, opplyser det tyrkiske nyheitsbyrået Anatolia tysdag.

Det store fleirtalet av flyktningane frå krigsherja land i Midtausten og Afrika kjem sjøvegen frå Tyrkia til Hellas.

Trass i at vinteren har sett inn med dårleg vêr og låge temperaturar, er det framleis mange som legg ut på den livsfarlege reisa mot Europa. Det er rekna med at 4.000 menneske kvar dag tek seg til Hellas via Tyrkia. Éin million flyktningar og migrantar har kome til Europa i år, opplyser Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM). (©NPK)

Annonse