Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Tre PST-tilsette vart torsdag stansa på flyplassen i den kongolesiske hovudstaden og fråtekne våpena. PST seier at dei tre ikkje er arresterte.
Publisert: 30.09.2022 kl 11:45
NRK skriv at kongolesiske medium har publisert bilete av det som skal vere berelisens for eitthandvåpen utskrive av det kongolesiske innanriksdepartementet.
Dei tre PST-tilsette har fått løyve til å ha kvar sin Sig Sauer-pistol med 100 patroner for sjølvforsvar for perioden 29. september til 6. oktober.
– PST er kjent med meldinga om arrestasjonar. Dette stemmer ikkje, personane er ikkje arresterte, seier seniorrådgivar Martin Bernsen i PST til NRK.
Han ønskjer ikkje å kommentere saka utover dette.
Den norske ambassaden i Kongo skriv på Twitter at våpena vart beslaglagde på flyplassen sjølv om ambassaden på førehand hadde vore i dialog med kongolesiske styresmakter.
Ambassaden skriv også at dei PST-tilsette er i Kongo for å førebu klima- og miljøminister Espen Barth Eides besøk neste veke der til det siste formøtet før årets klimatoppmøte COP 27.
(©NPK)
Tre tilsette i PST blei torsdag stoppa med våpen på flyplassen i Kongos hovudstad. Foto: Gorm Kallestad / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.