Klargjør siden...
Annonse

Trenaren og klubbleiaren: Difor er Hedda Hynne supergod akkurat no

Hedda Hynne har vorte eit OL-håp på 800 meter i ein alder av 30 år. Det kjem av ein plan ho la med sambuaren og trenaren i 2016, og eit klubbskifte i 2018.

Hynne, som opphavleg er frå Skien, bur og har treningskvardagen sin i Trondheim med sambuaren Erik Sakshaug, men er ein del av Oslo-klubben Tjalve. Ho melde overgang frå Strindheim i 2018.

Då var ho og trenarsambuaren to år inne i eit fireårsløp som skulle kronast med finale i OL i Tokyo i år. Leikane vart utsette, men etter fleire forbetringar av den norske rekorden er Hynne no verdas raskaste på 800 meter i 2020.

– Det er utruleg godt, det som skjer no. Vi har jobba saman sidan 2012, og i 2016 la vi ein plan fram mot OL i Tokyo. Så vart ikkje det noko av, men ho har vist at planen har fungert veldig bra og at ho no er på internasjonalt nivå. Det gir oss ein veldig tryggleik på at det vi gjer fungerer, seier Sakshaug til NTB.

Trenaren coaches dagleg

Han trekker fram klubbskiftet som ein viktig faktor, sjølv om Hynne ikkje bur og trenar i den byen ho representerer på klubbnivå. Sakshaug har daglege samtalar med John Ertzgaard, eit velkjent friidrettsfjes og sportsleg leiar i Tjalve.

– Dei samtalane gir meg mykje, den sparringen der. Klubbskiftet har vore viktig for oss, vi er ekstremt fornøgde. Det er ein solid klubb som gir oss tryggleik og det er viktig for Hedda, seier Sakshaug.

Han reknar med at tidene dei siste vekene vil gi eit internasjonalt gjennombrot og sponsoravtalar som kan profesjonalisere satsinga ytterlegare.

– Men det var viktig å få tilgang til det profesjonelle miljøet i Tjalve, seier Sakshaug.

Ertzgaard har lagt føringar

Ifølgje John Ertzgaard er det først og fremst jobben Sakshaug og Hynne sjølve gjer, som er grunnen til at det går så raskt no.

– Det var fleire grunnar til at dei kom til oss, men éin av dei var å få vere del av eit større miljø som er toppidrettsorientert. Ho har vorte veldig glad i klubben, og vi i henne, seier Ertzgaard.

– Det som gjer at ho spring så fort no, er den jobben dei gjer saman kvar dag. Så har vi kanskje vore med og bidrege med nokre ting som gjer at det blir litt lettare, og gitt ei forståing av at ho er toppidrettsutøvar. Det legg nokre føringar, seier han.

Ertzgaard var mektig imponert over løpet Hynne leverte tysdag, der ho smadra sin eigen norske rekord og sprang på 1.58,10.

– Men samtidig er eg ikkje overraska. Dei har jobba godt og systematisk over tid. Dette har ho vore god for, men det er veldig gledeleg når ho får det til, seier Ertzgaard.

Jamn progresjon

Sakshaug meiner òg at det har vore ein jamn progresjon og er sånn sett ikkje overraska over supertidene sambuaren no leverer.

– For å seie det slik, ho var ikkje to heile sekund dårlegare i fjor enn ho er i år, men i år har ho fått det ut, seier han.

Hynne er samd.

– Eg har hatt ein veldig trygg progresjon i det eg har gjort. Vi har teke det steg for steg, så eg er veldig komfortabel med kvar eg er no, seier ho.

Hynne vart nummer tolv i VM i fjor og kom seg ikkje til finalen. No skal ho og sambuaren jobbe vidare fram mot OL i Tokyo, endå ein gong med finale som mål.

– Og er ho i finalen, då kjempar ho om medaljar, lovar Sakshaug.

(©NPK)

Hedda Hynne og sambuar og trenar Erik Sakshaug lever tett på kvarandre og har lagt grunnlaget for rekordløpa denne hausten med grundig arbeid i Trondheim. Foto: Heiko Junge / NTB

Erik Sakshaug var med til OL i Rio i 2016, og då la dei planen som har ført til at Hedda Hynne no er verdas raskaste på 800 meter. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Idrettsleg leiar i IK Tjalve, John Ertzgaard, har daglege samtalar med Hedda Hynnes trener. Foto: Fredrik Hagen / NTB