Trøbbel for Riiber og Kokslien

(NPK-NTB-DPA): For Jarl Magnus Riiber og Mikko Kokslien kan Nordic Combined Triple i Seefeld i helga vere over før konkurransen startar. Begge vart diskvalifiserte før den provisoriske konkurranseomgangen torsdag.

Årsaka var feil på hoppdressane. Laurent Muhlethaler (Frankrike), Kristian Ilves (Estland) og Yoshito Watabe (Japan) vart diska av same grunn.

Håvard Klemetsen vann den provisoriske konkurranseomgangen, men likevel har det norske laget grunn til å håpe at dei ikkje får bruk for det resultatet.

Den provisoriske omgangen gjeld dersom hopprennet i ein konkurranse må avlysast på grunn av vêret. I Seefeld er det renn fredag, laurdag og søndag, og det skal kårast ein vinnar samanlagt. Diskvalifikasjon i eitt renn betyr dermed at løparen er ute heile helga.

Riiber og Kokslien er trygge dersom renna går som planlagt alle tre dagane, men om hopprennet blir avlyst éin av dagane og den provisoriske konkurranseomgangen blir teljande, er dei ute av dansen.

Klemetsen hoppa 102 meter og vann den provisoriske omgangen. Jan Schmid vart nummer 6, Jørgen Gråbak 19, Espen Andersen 30, Magnus Krog 37 og Magnus Moan nummer 39.

Gråbak hoppa sjølv om han fall stygt under trening tidlegare i veka. (©NPK)

Annonse