Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Frå fredag blir det mogleg å køyre på delar av Trollstigen i Møre og Romsdal, når vinterstenginga av turistvegen blir trappa ned.
npk@npk.no
Publisert: 19.05.2016 kl 11:42
Men svingane vil framleis vere stengt på grunn av skredfare, melder Romsdals Budstikke. Dermed delopnar Statens vegvesen fylkesveg 63 Trollstigen mellom Slettvikane og Stigrøra fredag klokka 9.
– Vi ventar framleis på Bispefonna. Enten så må skredet gå, eller så må den stabilisere seg og smelte ned før det er trygt å ha trafikk i svingane, seier byggjeleiar Kaj-André Sæther Døving i Statens vegvesen til avisa.
Statens vegvesen oppfordrar turistar og trafikantar til å følgje med på trafikkmeldingane før dei besøkjer Trollstigen. Sjølv om ikkje heile Trollstigen er open, vil ein kunne besøkje Trollstigplatået og sjå nedover svingane.
Opninga skjer seinare enn i fjor. I 2014 opna vegen, som forbind Valldal og Åndalsnes, så tidleg som 8. mai, noko som ikkje hadde skjedd sidan 1991. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.