Klargjør siden...
Annonse

Trolltunga får nødnett

(NPK-NTB): Turistar som hamnar i trøbbel ved Trolltunga, har vore ein gjengangar i sommar. No får det populære turistmålet nødnett.

– Vi har i dag plassert ut ein mobil basestasjon som gir redningsmannskap og hjelpekorps nødnett ved Trolltunga, seier statssekretær Gjermund Hagesæter (Frp) i Justis- og beredskapsdepartementet til NTB torsdag.

– Redningsmannskap treng ekstra verktøy når dei skal redde liv. Dei har gjort ein kjempejobb hittil, men nødnett er eit viktig verktøy for å kunne kommunisere godt om der dei som er i nød, oppheld seg, seier han.

«Eittåring til sjukehus etter tur til Trolltunga». «Skadd mexicansk turist flogen ned frå Trolltunga». «Fire redningsaksjonar ved Trolltunga på ein kveld». Det er berre nokon av NTB-meldingane om turistar i trøbbel ved det velkjente klippeutspringet den siste månaden. For få dagar sidan skreiv Bergens Tidende om at nødetatane ikkje kunne bruke sitt kommunikasjonsnett ved «tunga» som stikk ut over Ringedalsvatnet.

Samtidig som det no blir utplassert ein mobil basestasjon som vil gi nødnett, blir det i tillegg sett i gang ein prosess med å byggje ut permanent dekning. Hagesæter vil ikkje anslå når det kan vere på plass.

– Behovet er så stort no at vi etablerer ein mellombels dekning i vente av arbeidet med permanent dekning, seier han.

Trolltunga har om lag 100.000 besøkjande i sesongen. (©NPK) (©NPK)

Annonse