Trøndersk IS-avhoppar skal vere arrestert i Tyrkia

(NPK-NTB): Ein 32 år gammal mann frå Verdal som skal ha hoppa av frå IS, er fengsla i Tyrkia, ifølgje Adresseavisen. Mannen skal ha vorte tatt da han kom over grensa frå Syria for nokre veker sidan.

– Utanrikstenesta er kjent med at ein norsk borgar er gripen i Tyrkia. Utanrikstenesta ved ambassaden i Ankara arbeider med å få besøksløyve, skriv Hilde Steinfeld i kommunikasjonseininga i Utanriksdepartementet (UD) i ein e-post til Adresseavisen.

Mannen skal vere tatt for ulovleg grensepassering frå Syria til Tyrkia. Steinfeld opplyser at trettitoåringen har fått ein lokal forsvarar, men vil ikkje seie noko meir om saka.

Avisa skriv at mannen forsvann i 2014. UD vil ikkje å stadfeste at nordmannen som sit fengsla i Tyrkia, er trettitoåringen som skal ha ei tilknyting til IS, men ifølgje fleire uavhengige kjelder som avisa har snakka med, dreier det seg om den same personen.

Mannen som reiste til Syria i 2014, skal ha forsvunne frå psykiatrisk behandling og har seinare gitt livsteikn frå seg frå IS-hovudstaden Raqqa i Syria. Adresseavisen skriv at mannen skal ha ønskt å komme seg ut av landet i lengre tid. (©NPK)

Annonse