Klargjør siden...
Annonse

Truar med å stenge Botanisk hage

(NPK-NTB): Leiinga i Botanisk hage i Oslo truar med å stenge parken fordi den blir brukt som toalett og pilledepot for kriminelle.

I ein e-post som direktør Tone Lindheim i Naturhistorisk museum har sendt til blant andre Oslo-ordførar Marianne Borgen (SV), blir det trua med å stenge parken på grunn av forholda. I e-posten står det at gartnarane dagleg finn menneskeleg avføring og pilleboksar i parken, melder VG.

– Lindheim skildrar ein svært alvorleg situasjon med forsøpling og kriminell aktivitet. Slik kan vi ikkje ha det i denne vakre hagen, seier Oslo-ordførar Marianne Borgen (SV).

Lindheim skriv at vernelinja truar med å stenge heile Botanisk hage. «Vi har omfattande kjøp og sal av narko og aukande bruk av sprøyter i hagen. Fleire gartnarar er no redde for å grave/luke/plante på grunn av risikoen for å bli stukne av sprøytespissar», står det i e-posten. Ho viser også til også at fleire brukar hagen som toalett, og at gartnarar dagleg fjernar avføring.

Lindheim ber ordføraren kome til eit krisemøte i Botanisk hage onsdag – der både Bymiljøetaten, Rusken og politiet i Oslo vil stille.

Botanisk hage er ein del av Universitetsmusea på Tøyen. Den populære parken er på 150 mål, og har 35.000 planter frå 7.500 artar. (©NPK)

Annonse