Klargjør siden...

Truleg ikkje noko straffbart bak død person i bil i Oppland

(NPK-NTB): Etterforskinga kan tyde på at det ikkje ligg noko straffbart bak funnet av ein død mann i ein utbrent bil ved fylkesveg 23 i Lunner kommune ved fylkesgrensa mellom Akershus og Oppland.

Det opplyser politiadvokat Ingveig Nøkleby i Innlandet politidistrikt i ei pressemelding onsdag formiddag.

– Men politiet etterforskar framleis saka som eit mistenkjeleg dødsfall, seier ho.

Politiet meiner å vite kven den avdøde er, men personen er ikkje formelt identifisert. Sikker identitet vil bli bekrefta i obduksjonen.

Politiet fekk melding om bilbrannen ved 15.30-tida tysdag. Då brannen var sløkt vart det oppdaga at det sat ein død person i bilen, ei Volvo stasjonsvogn. Bilen hadde ikkje synlege kollisjonsskadar då han vart frakta bort frå staden natt til onsdag.

Undersøkingane på staden vart avslutta ved 2-tida natt til onsdag. (©NPK)

Annonse