Klargjør siden...
Annonse

Trump-allierte vinn i fleire delstatar

Kandidatar med støtte frå tidlegare president Donald Trump vann fram i primærvalet til republikanarane i fleire amerikanske delstatar tysdag.

Sterkast var sigeren i Nord-Carolina, der den relativt ukjende Ted Budd vann konkurransen om å bli kandidaten til republikanarane i senatsvalet i november. Med støtte frå Trump slo han ei rekkje rivalar, blant dei tidlegare guvernør Pat McCrory.

Ein annan Trump-favoritt i Nord-Carolina, representant Madison Cawthorn, tapte likevel primærvalet i kongresskrinsen sin. Cawthorn er Kongressens yngste representant, og har tiltrekt seg merksemd for ei rekkje lovbrot og påstandar om at kongressmedlemmer deltek i orgiar med kokain.

I Pennsylvania skulle republikanarane velje kandidatar til både guvernørval og senatsval i november. Trumps kandidat i guvernørvalet, høgreradikale Doug Mastriano, vann fram med løfte om at han skal kjempe mot valfusk. Trump og tilhengjarane hans nektar framleis for at han tapte presidentvalet i 2020. Dei kjem stadig vekk med grunnlause påstandar om utstrekt valfusk i ei rekkje delstatar.

Det er meir usikkert kven som blir senatskandidaten til republikanarane i Pennsylvania. Kjendiskirurgen Mehmet Oz, som har Trumps støtte, låg framleis svært jamt med David McCormick onsdag morgon. Oz har mellom anna hausta kritikk for at han ikkje bur i Pennsylvania, men i nabostaten New Jersey.

I Idaho tapte Trumps føretrekte kandidat i guvernørvalet mot den sitjande kandidaten.

(©NPK)

Donald Trumps føretrekte kandidat, Ted Budd, blir kandidaten til republikanarane i senatsvalet i Nord-Carolina. Foto: Chris Seward / AP / NTB

Tidlegare president Donald Trump har stilt seg bak ei rekkje kandidatar i primærvalet til republikanarane. Foto: Joe Maiorana / AP / NTB

Annonse