Klargjør siden...

Trump-rådgjevar sa Clinton burde bli skoten

(NPK-NTB-AFP): Ein amerikansk delstatspolitikar som arbeider som rådgjevar for valkampen til Donald Trump, blir etterforska av Secret Service etter at han sa Hillary Clinton burde skytast.

Al Baldasaro, som sit i delstatsforsamlinga i New Hampshire for republikanarane, kom med uttalen på eit amerikansk talkshow tysdag.

– Hillary Clinton burde plasserast i skotlinja og skytast for forræderi, sa Baldasaro.

Den tidlegare soldaten er rådgjevar for Trump i veteranspørsmål, og han har gong på gong opptredd offentleg med den republikanske presidentkandidaten.

Uttalen til Baldasaro kom under ein samtale på talkshowet om angrepet på det amerikanske konsulatet i Benghazi i Libya i 2012. Clinton var utanriksminister under angrepet der fire amerikanarar blei drepne. Ho har fått kritikk for at tryggleiken ikkje var betre, men ein rapport frå Kongressen har likevel konkludert med at ho ikkje gjorde noko gale.

Ein talsmann for tryggleikstenesta Secret Service opplyser til nyheitsbyrået AFP at dei kjenner til uttalen til Baldasaro og «vil gjennomføra ei passande etterforsking». Valkampen til Trump har teke avstand frå uttalen. (©NPK)

Annonse