Trump sparkar valkampsjefen

(NPK-NTB-AP): Donald Trump, den sannsynlege presidentkandidaten for Republikanarane, har sagt opp ein av dei næraste medarbeidarane sine, valkampsjef Corey Lewandowski.

Det opplyser Trumps kommunikasjonssjef, Hope Hicks, til New York Times.

Lewandowski har vore med i valkampen til Trump sidan starten og var ein av dei valkampmedarbeidarane som har hatt tettast kontakt med forretningsmannen. Han reiste i privatfly saman med Trump til nesten alle valkampmøte.

– Vi er takknemleg for arbeidet som Corey har gjort for oss, og ønskjer han lykke til med framtida, seier Hicks.

Han har fleire gonger avvist forslag om at Trump burde hyre inn folk med meir politisk erfaring i staben sin. Han skal òg ha oppmoda Trump til ikkje å dempe seg berre fordi han har komme nærare sjølve presidentvalkampen.

Trump har komme med kontroversielle utsegner i heile valkampen, men har særleg vore i hardt vêr etter terrorangrepet mot nattklubben Pulse for ei veke sidan.

Dagen etter angrepet sa Trump at «det er synd at dei unge menneska som vart drepne i helga, ikkje hadde pistolar på hofta» – ein bodskap han òg kom med etter terrorangrepet mot konsertlokalet Bataclan i Paris i fjor.

Søndag kommenterte våpenlobbyen NRA dette og sa at dei ikkje meiner at folk bør ha med seg skytevåpen når dei går på byen og drikk alkohol. Måndag sa Trump at det han meiner, er at vakter og tilsette på nattklubben burde hatt våpen. (©NPK)

Annonse