Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Den amerikanske presidentkandidaten Donald Trump hevdar Storbritannia vil klare seg betre utan EU.
npk@npk.no
Publisert: 06.05.2016 kl 07:46
I eit intervju med Fox News seier Trump at han personleg støttar «Brexit», altså at britane skal stemme nasjonen ut av EU under folkeavstemminga i juni, skriv The Guardian.
– Eg synest migrasjonen har vore ein forferdeleg ting for Europa. Mykje av det vart pressa fram av EU. Personleg vil eg seie at dei klarer seg betre utan medlemskap, men eg kjem ikkje med dette som ei tilråding. Det er berre mi meining, sa Trump.
Vidare hevdar den kontroversielle forretningsmannen, som ligg an til å bli Det republikanske partiets presidentkandidat, at han kjenner Storbritannia svært godt.
– Eg kjenner landet veldig godt. Eg har mange investeringar der. Eg meiner dei klarar seg betre utan EU. Men eg synest dei skal ta den avgjerda sjølv.
USAs president Barack Obama har – i motsetning til Trump – flere gonger ytra tydeleg at han meiner Storbritannia må bli verande i EU. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.