Trump: – Landet vårt er ein pøl av kriminalitet

Donald Trump vektla kampen mot kriminalitet i sin første tale i Washington sidan han gjekk av som president.

– Landet vårt er no ein pøl av kriminalitet, vi har blod, død og liding i eit utenkjeleg omfang, sa Trump i talen ved tankesmia America First Policy tysdag Institute.

Skulda la han på Det demokratiske partiet, ifølgje Newsweek. Han hevda at USA hadde ein blomstrande økonomi, ei trygg grense mot Mexico, låge bensinprisar og ingen inflasjon då han sjølv var president.

Trur på siger

Trump sa også at han er overtydd om at ein republikanar vil vinne det neste presidentvalet i USA i 2024.

Enkelte av Trumps rådgivarar skal ha bede han om å snakke meir om framtidsvisjonane sine idet han førebur seg på å kunngjere om han vil stille som kandidat i valet.

Nokre timar før Trump gjekk på talarstolen, heldt den tidlegare visepresidenten hans Mike Pence ein tale i Washington. I talen snakka Pence om at det ikkje nyttar å sjå seg tilbake for å vinne val.

– Nokon vel å fokusere på fortida, men val handlar om framtida, sa han til ei forsamling konservative studentar.

– Ein skamplett

Trump klarte ikkje å gi slepp på fortida i talen sin og gjentok dei usanne påstandane om valet i 2020 som utløyste storminga av Kongressen 6. januar i fjor, skriv nyheitsbyrået AP.

– Det valet var ein katastrofe. Det var ein skamplett for landet vårt, sa Trump og insisterte endå ein gong på at han vann valet.

– Kanskje vi rett og slett må gjere det om igjen, sa den tidlegare presidenten. Dermed antyda han, slik han har gjort ved ei rekkje offentlege framføringar, at han kanskje stiller som kandidat igjen før valet i 2024.

Trump hausta mykje applaus og tilrop for dette på samlinga tysdag, som var første gong han var tilbake i hovudstaden sidan Joe Biden vart teken i eid 20. januar i fjor.

(©NPK)

Tidlegare president Donald Trump talte tysdag i Washington for første gong sidan han flytta ut av Det kvite hus. Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Annonse