Trump vil tvinge Apple til å produsere i USA

(NPK-NTB): Donald Trump, som leier kappløpet om å bli republikanaranes presidentkandidat, krev at Apple sluttar å produsere i Kina.

Under ein tale ved Liberty University i Virginia slo Trump fast at Apple og andre amerikanske konsern må flytte produksjonen heim til USA, skriv Fortune.

– Vi skal sørgje for at Apple byggjer dei fordømte datamaskinene og andre tinga sine her i dette landet, i staden for i andre land, sa den eksentriske mangemilliardæren i talen.

Trump har tidlegare komme med krasse utfall mot andre amerikanske konsern som har flytta produksjonen til utlandet, blant dei Ford.

Får Trump det som han vil, kjem det til å bli innført 35 prosent importavgift på bilar Ford i dag produserer i Mexico. (©NPK)