Annonse

Trumps advokatar kallar riksrettssaka ein parodi

Donald Trump har «absolutt ikkje gjort noko gale», slår advokatteamet til den amerikanske presidenten fast og kallar riksrettssaka mot han ein parodi.

I eit førebels forsvarsskrift omtaler Trumps advokatar riksrettsprosessen mot presidenten som «ei farleg forvrenging av grunnlova» og hevdar at skuldingane mot han er «skrøpeleg» forankra.

– Det er ein grunnlovsmessig parodi, skriv advokatane, som vidare argumenterer med at maktmisbruk i seg sjølv ikkje er eit lovbrot.

Representanthuset la førre veke fram eit 111 sider langt dokument som samanfattar trådane frå vitneavhøyr og forklaringar, og som konkluderer med at det er overveldande bevis for at Trump er skuldig.

(©NPK)

Advokatane til president Donald Trump kallar riksrettssaka mot han ein parodi. Foto: AP / NTB scanpix