Klargjør siden...

Trur skogbrannane i Spania er påtent

(NPK-NTB-AP-AFP): Éin eller fleire brannstiftarar står bak fleire store skogbrannar som rasar nordaust for Benidorm i Spania, meiner lokale styresmakter og brannmannskapa som kjempar mot flammane.

1.400 personar er evakuerte frå Javea-området nordaust for Benidorm, der over 320 hektar skog og fleire bygningar er lagt i oske.

Tysdag brann det også nær fjellandsbyen Bolulla, rundt 40 kilometer vest for Javea, og også på ferieøya Menorca kjempa brannmannskap mot flammane.

– Det er éin eller fleire brannstiftarar, seier Jose Maria Angel Batalla, som leier sløkkingsarbeidet ved Javea.

Regionpresidenten i Valencia, Ximo Puig, er også overbevist om at ein eller fleire brannstiftarar er i sving.

– Dette er miljømessig terrorisme, det er ikkje berre snakk om å setja vår naturarven vår i fare, dette angrip folk direkte, seier Puig.

Norske Hermann Wettermann fekk måndag beskjed om at dei måtte evakuerast frå feriestaden Cumbre del Sol. Overfor Spaniaavisen reknar han med at minst ti norske familiar er evakuerte frå dette området.

Svært høge temperaturar og lite fuktig luft har bidrege til å auka brannfaren. Også andre stader i Spania er det for tida svært høg brannfare, og i fleire område ligg temperaturane over 40 grader i skuggen. (©NPK) (©NPK)

Annonse