Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): FNs tryggingsråd fordømmer Nord-Koreas tre siste rakettforsøk og skuldar landet for «grove brot» på forbodet mot utvikling av raketteknologi.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 07:51
Tryggingsrådet tok opp att sine krav om at Nord-Korea må respektere forbodet, stoppe alle atomvåpentestar og missil-aktivitetar og følgje dei fem siste resolusjonane frå rådet etter Nord-Koreas første atomtest i 2006.
I ei samrøystes utsegn seier Tryggingsrådet onsdag at Nord-Koreas mislykka rakettoppskytingar 28. april, 27. mai og 31. mai bidrar til utvikling av atomvåpenprogrammet i landet og aukar spenninga i regionen.
Rådet ber alle land støtte sanksjonane mot Nord-Korea, spesielt sanksjonane som vart innførte i mars og som er dei hardaste på 20 år. Sanksjonane som vart samrøystes vedtatt 2. mars, inneheld blant anna inspeksjonar av sendingar som kjem til eller forlèt Nord-Korea, forbod mot sal av våpen til landet og utvising av nordkoreanske diplomatar.
Regimet i Nord-Korea insisterer på at atomvåpena berre skal brukast til forsvar, men har også fleire gonger trua verda med fullstendig utsletting.
Medlemmene i tryggingsrådet tek opp att «kor viktig det er å sikre fred og stabilitet på Koreahalvøya og i Nordaust-Asia». Dei tek også opp att målet om «ei fredeleg, diplomatisk og politisk løysing på situasjonen» og seier dei set pris på «innsats frå medlemmene i rådet og andre for å legge til rette for ei fredeleg og fullstendig løysing gjennom dialog». (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.