Annonse

Tryggingsrådet utset avstemminga siom Nord-Korea

(NPK-NTB-Reuters): FNs tryggingsråd utset avstemminga si om eit resolusjonsforslag om nye sanksjonar mot Nord-Korea til onsdag.

USA har etter forhandlingar med Kina lagt fram eit resolusjonsforslag som inneber ei rekkje nye sanksjonar etter den omstridde rakettoppskytinga til Nord-Korea i februar.

Avstemminga skulle etter planen ha blitt gjennomført tysdag kveld, men er utsett til onsdag ettermiddag, ifølgje diplomatkjelder, som opplyser at det er Russland som treng meir tid til å vurdera forslaget. (©NPK)