Tuchel mista Chelsea-jobben

Thomas Tuchel (49) blir fjerna som Chelsea-manager etter ein svak start på sesongen. Det skjer under fire månader etter at klubben fekk nye eigarar.

Sparkinga kom svært overraskande og vart kjent dagen etter at Chelsea tapte 0-1 borte mot kroatiske Dinamo Zagreb i meisterligaopninga. I Premier League har dei blåkledde teke ti poeng på seks kampar.

Chelsea har dei siste vekene fått mykje tyn for å spele kjedeleg og omstendeleg fotball. Det kan ha bidrege til å sende Tuchel ut portane på Stamford Bridge.

Tyskaren vart henta til Chelsea midtvegs i 2020/21-sesongen. Han vann Champions League i det første halvåret sitt i klubben. Sist sesong vart det 3.-plass i serien og finaletap på straffer for Liverpool i både ligacupen og FA-cupen.

Amerikanske eigarar

I ei fråsegn takkar Chelsea for innsatsen Tuchel og støtteapparatet hans har lagt ned i dei 17 månadene sine i klubben.

«Thomas vil rettmessig få sin plass i Chelsea-historia som vinnar av Champions League, den europeiske supercupen og klubb-VM», står det i ei fråsegn.

Chelsea fekk i mai ny eigarskap. Roman Abramovitsj vart tvinga til å selje på grunn av sanksjonane som kom etter Russlands invasjon av Ukraina. Russaren hadde eigd klubben sidan 2003.

Brukte mest pengar

Eit amerikansk konsortium leidd av Todd Boehly tok over styringa. I sommar tok Bohely sjølv rolla som sportsdirektør og skal ha hatt eit svært tett samarbeid med Tuchel om overgangar. Derfor kjem avgangen no svært uventa.

«No som det går mot 100 dagar sidan eigargruppa tok over klubben, føler dei nye eigarane at det er rett tidspunkt for ei endring», skriv Chelsea.

London-klubben brukte i sommar mest pengar av alle på overgangsmarknaden. Godt over tre milliardar kroner gjekk med på å hente nye spelarar.

(©NPK)

Thomas Tuchel fekk sparken i Chelsea. Foto: Darko Bandic / AP / NTB

Annonse