Klargjør siden...

Tung påskeavslutning for Oslo Børs

(NPK-NTB): Pilene peika nedover på Oslo Børs på den siste handledagen før påskeferien. Hovudindeksen fall 0,5 prosent til 586,23 poeng på ein amputert onsdag.

Statoil-aksjen var som vanleg den mest omsette, men berre for 271 millionar kroner. Børslokomotivet hadde dessutan ein dårleg dag og fall med 1,2 prosent.

Nest mest omsett var oppdrettsselskapet Marine Harvest, som hadde ein fin framgang på 1,4 prosent.

Elles var det mykje knall og fall i toppen: Schibsted-aksjen gjekk ned med 3,2 prosent, Frontline med 1,7, DNB med 1,1, Yara med 0,7, Norsk Hydro med 0,3 og Telenor med 0,2 prosent.

Det var mindre endringar ved dei leiande europeiske børsane etter at dei hadde rista av seg terrorhandlingane i Brussel tysdag. Dax 30 i Frankfurt hadde ved 15-tida stige 0,3 prosent, FTSE 100 i London gjekk opp 0,1 prosent, mens CAC 40 i Paris fall 0,1 prosent.

Oljeprisen låg lenge og vaka mellom pluss og minus, men fall i 15-tida mykje. Da var prisen på eit fat nordsjøolje 40,88 dollar, ein nedgang på 1,6 prosent frå tysdagen. (©NPK)

Annonse