Annonse

Tung PGA-debut for Sekne – klarte ikkje cuten

Hermann Wibe Sekne (22) var milevis unna å klare cuten i debuten på PGA-touren.

22-åringen var totalt fire slag over par etter to spelte rundar i Punta Caña i Den dominikanske republikken. Det betyr at han er ferdigspelt i turneringa.

Han var tre slag over par etter den første dagen, og det vart eitt slag over par fredag. Totalt gav det fire slag over par. Fredag vart det tre bogeyar og to birdiar, og han plasserte seg på 124.-plass då han var ferdig. Då var ikkje alle spelarane ferdig med sin andre runde, men den antekne cuten låg på minus tre og dit er det for langt opp for nordmannen.

Han låg på 126.-plass etter den første runden med berre få spelarar bak seg.

Sekne er amatør og har spelt collegegolf i Purdue University i Indiana.

Wesley Bryan frå USA leier PGA-turneringa med 14 slag under par.

(©NPK)