Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein tunisisk karikaturteiknar vart lauslaten etter å ha vore fleire timar i varetekt for ei teikning som etter seiande gjer narr av Tunisias statsminister.
Publisert: 22.09.2023 kl 12:18
Teiknaren Tawfiq Omranes advokat opplyste at den tunisiske påtalemakta hadde beordra arrestasjonen. Etter nokre timar vart han sett på frifot.
– Politiet avhøyrde han i timevis, utan at det var advokatar til stades, på mistanke om fornærmingar gjennom sosiale nettverk og teikneseriar som gjer narr av statsministeren, seier advokat Anas Kadoussi.
Til den tunisiske radiostasjonen Diwan FM seier Omrane at han vart avhøyrd fordi han etter seiande hadde fornærma statsministeren. Han vart vist ei teikning som politiet fann støytande. Omrane seier at han vil halde fram med karikaturverksemda si.
Omrane er velkjent for satireteikningane sine av president Kais Saied. For to år sidan tok Saied så godt som all makt i landet då han stengde nasjonalforsamlinga. Opposisjonen har karakterisert dette som eit kupp.
Innanriksdepartementet i det nordafrikanske landet har ikkje ønskt å kommentere saka overfor Reuters.
(©NPK)
Arkivbilde av Tunisias president Kais Saied. Foto: Fethi Belaid / AP / NTB